• Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)

Andreas Rønningen - eit originalt sjølvportrett

Første gongen eg høyrde om han Andreas var under eit innsamlingsarbeid om rokkemakarar i Romsdal i 1984-85. Andreas dreia rokkar, og i folketeljinga i 1865 er han titulert "Raakkearbeider" og i 1875 "Spinderaakkearbeider". I unge år må han altså ha livnært seg av å lage rokkar. I folketeljinga i 1900 er han "Gaardbruger, selveier, smed, malerarbeider og uhrmager", altså ein slags alt-muleg-mann. Oldebarnet hans, Alf Røsberg, fortalde i samband med innsamlinga i 1984-85 at han laga både treskemakiner, orgel, feler, gitarar og til og med eit positiv.

Peder L. Romuld (1909-2000) voks opp ikkje langt frå heimen hans Andreas. Han hugsa den mangslungne handverkaren av to grunnar: Han hadde fotografiapparat, og han skreiv namn og årstal på gravkorsane til folk så lenge han levde: "Eg ser for meg folk frå bortsida av fjorden kjem opp bakkane med haustavane (gravkorsane) på skuldra på veg opp til Andreas for å få måla namn på dei." Alle desse gravminna er no truleg borte for alltid, men Peder kunne også fortelje at Andreas måla eit sjølvportrett på ein bete i løa på bruket sitt, og ein annan stad i same bygningen hadde han skrive årstalet "Bygd i 1885" på ein forseggjort måte.

Sjølvportettet er bevart både på ein stokkende og i fotoarkivet på Romsdalsmuseet. Det blir her offentleggjort for første gong. Elles er det gått tapt, det aller meste av det Andreas laga.

Share to