• Photo: Jon Bleie (1904-1981) (Opphavsrett)
  • Photo: Anders P. Wallevik. (Opphavsrett)

Hestehandlarar og driftekarar

Driftekarane på 1700-og 1800-talet reiste gjerne i store flokkar med hestar eller med storfe, som fekk gå og beita i fjellet før dei vart førte til marknadsplassane austpå. Det var fleire gardar enn Espe ferdakarane tok ut frå: Odda, Sekse, Opedal, Huse, Tveisme, Bu, Eidfjord og Sima. Alle kom dei opp stølsvegane, frå ulike kantar: sørfjordingar, eidfører, ulvikar, vossingar og sogningar. I seinare hundreår var Store Nordmannsslepa austover frå Hadlaskard ein av hovudvegane. 

Då den nye vegen over Haukeli kom på slutten av 1800-talet, stilna trafikken over Hardangervidda av.
 

Share to