• Photo: Berit Fiksdahl, Dovre kommune (Opphavsrett)
  • Photo: Trond Berger, Statskog (Opphavsrett)

Hjerkinndammen – frå gruvedam til fiskevatn.

"Men her er det ikkje noko vatn på kartet." seier eg til mor. Vi ser på kartet frå før krigen som far har sendt med oss.

Dette var min fyrste fjelltur som gjekk frå Hjerkinn gjennom Rondane rundt 1970 saman med mor. Sørover frå Hjerkinn fjellstue var det ein stor dam, som så visst ikkje fanst på kartet frå 1937. Nå veit eg at Hjerkinn-dammen vart oppretta som ein flotasjonsdam for reinsing av vatnet frå Hjerkinn gruver sist på 1960-talet. Etter at gruva vart nedlagt i 1993, har vatnet i dammen gradvis blitt reinare, og vatnet er nå eit godt fiskevatn. Du kjem ned til dammen både på demninga i sør/aust og til vestenden av dammen langs gamlevegen frå Hjerkinn fjellstue eller Hageseter. Her er det båtar og kanoar til utlån/utleige.

 

Share to