• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)
  • Photo: E. Nilsen. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Tellevikvegen - den

Bygd etter tysk direktiv

Dei ferdig utarbeidde planane for vegen austover frå Salhus til Tellevik låg klare då den tyske okkupasjonsmakta ville ha fortgong i arbeidet. Det var nemleg viktig å få ein brukbar køyreveg fram til det strategisk plasserte bunkers- og kanonstillingsanlegget på Tellevik kystfort. Men dei eksisterande planane blei forkasta – dei tok for lang tid å gjennomføre, og var ikkje tilpassa militær trafikk. Tyskarane måtte difor lage nye planar sjølve.

Sjølv om alt føregjekk etter tyske direktiv, blei det fysiske arbeidet sett ut til norske entreprenørar, og i 1944, etter ei byggetid på to år, stod den om lag 1,8 kilometer lange vegen ferdig. I tillegg inngjekk ein 4 kilometer lang privatveg i Tellevik, som blei utbetra. Gjennom Salhus skar den ”tyske” vegen seg mellom allereie eksisterande busetnad, med bustadhus og hagar tett inntil på begge sider. Vegen var smal og med store, oppmura vegkantar fleire stader. Vidare austover mot Tellevik, var terrenget bratt ned mot fjorden, og det er den dag i dag berre spreitt busett.

Betongbru

Den einaste elva som måtte kryssast langs Tellevikvegen kjem ned frå Milestemma ovanfor Salhus. Ho er etter måten lita, men stor nok til at ei bru måtte byggast. Sidan betong var det store byggematerialet under krigen, fall valet naturleg på ei betongbjelkebru med eitt spenn.

Men berre 2-3 meter ovanfor betongbjelkebrua går ei mindre betongplatebru over elva. Brua blei sett opp i 1930 – årstalet er skrive inn i betongplata – og høyrde til ein eldre lokal veg som starta nede ved sjøen, klatra i sikksakk opp fjellsida, og endte ved Slettebakken vest for brua.

Asfaltdekke og busslommer

Framleis er rundt 1500 meter av den opphavlege vegen teke vare på, stort sett slik tyskarane bygde den under andre verdskrig. Berre nokre små utvidingar, asfaltdekke og nye busslommer har her kome til undervegs. Ved Klauaneset, derimot, er heile veganlegget totalt endra. Det som var igjen av den gamle vegen blei fjerna i samband med trafikkmaskinen over Nordhordlandsbrua. 
 

Share to