• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Oksebotn

Levor hadde oksedrifta si her, og hadde fast støl frå 1770. Torbjørnstøl, litt lenger vest, har namnet sitt etter sonen til Levor, og Hansbu etter svogeren Hans Olavson Vestrheim. Lars L. Osa frå Ulvik ga namn til Larsbu i nærleiken av Finse. Det var godt beite til sau, geit og kyr: faktisk så godt at fleire av stølane tok imot framandt storfe mot betaling. Då anleggsarbeidet føregjekk på denne delen av bana, selde stølane her mjølk, smør og ost til bruk på brakkene.

Då jernbana sto klar, opna ho opp for mange nye idear og planar. «Fjeldbeitekomiteen om Hardangerviddens utnyttelse» vart nedsett av Landbruksdepartementet i 1909, og skulle uttale seg om ein kunne utnytte fjellstrekninga betre, og på kva måte. Komiteen såg føre seg større mengder av stor- og småfe, hestar og ikkje minst 8000 tamrein. Ein planla fleire vegar som var farbare for hjulreiskap, med sidevegar for kløvhest, men dei vart aldri gjennomførte. Den kraftige auken i talet på beitedyr vart det heller ikkje noko av, og stølinga heldt fram til etter siste krig.

Share to