• Photo: Håvard Haraldson Hatløy (Opphavsrett)
  • Photo: Håvard Haraldson Hatløy (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Bumerker på Klosterhaugen

Klosterhaugen

På Herøy, i Herøy kommune, har me ein markert haug om lag midt på øya. Her ifrå er det god utsikt både sørover og nordover hovudleia, som stryk rett forbi øya. Øya har vore ein sentral stad langt tilbake i tid, truleg lenge før kristen tid. Ulike kongar har vore innom her i sagatida, både Heilag Olav og Kong Sverre var her fleire gongar. Dei held husting her ved fleire høve. Kanskje sat dei i bygget på Klosterhaugen?

På berget vest av tufta, er det hogge inn to bumerker. Skal tru kven dei var dei personane som såg seg tid til, og ikkje minst synest det var viktig å hogge inn merka sine her. Kva slags bygning stod på haugen? Kalkmørtel i grunnfundamentet med marmor fragment, og ein kvaderstein av marmor dekt av torv, er forteljande spor. Bygninga har vore lita, ca 5 x 8 m, plassert aust/vest.

Gildestove

Ei gildestove er nemnt på Herøy i 1433, i samanheng med at erkebiskop Aslak Bolt var her på visitas. Den som har sett skinnomslaget til Aslak Bolt si jordebok, har sett eit bumerke på framsida. Dette merket er om lag eins med det eine merket på Klosterhaugen. Er dette berre tilfeldig, eller kan det vere at Aslak har hogge sitt merke her, då han var på visitas? Ein spennande tanke!

Middelalderkyrkje

Det vart røyst ei marmorkyrkje på 1100-talet litt lenger aust på øya, ei Maria kyrkje. Dette vart etterkvart hovudsete for Herøy prestegjeld, ei kannike kyrkje, ei av 4 hovudkyrkjer på Sunnmøre.

Eit levande kulturminne

Øya har mange minner, gamle, løynde, undrande og ikkje minst levande minner. Staden er fortsatt ein samlingsplass, der folk møtast ved ulike høve. Gjerne ved ein kopp kaffi i stova på Herøy Gard, eller under sogespelet "Kongens Ring". Kanskje på ein rusletur langs stien rundt øya, eller på Klosterhaugen. Her på "Haugen" kan ein sjå og føle minna frå fortida, samstundes kan tankane gå mot det ukjente, i framtida. Skal tru om bumerka er å sjå om tusen år?

Share to