• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: måla av Bernt Kristiansen (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Hammarsland og Kikedalen – tun frå mellomalderen

Kulturlandskapet kring tunet på Hammarsland gjev eit nærbilete av ressursane i naturalhushaldet på ein einbølt gard i mellomalderen; med innmark, skog og fiskevatn.

Kikedalen - øydegard frå svartedauen

Ror vi vidare innover det tronge Gjønavatnet, mellom bratte fjellsider, kjem vi inn til dei saftige grasgangane i Kikedalen. Også her har det lege eit gardstun. Det viser tufter etter eit langhus og andre bygningar, som graskledde forhøgningar i landskapet. Fram til svartedauden var Kikedalen ein gard som rådde over store beiteområde og fjellvidder med rikeleg vilt.

Segner om Kikedalsbonden

I dag lever enno segnene om Kikedalsbonden; han hadde liggjande tre tønner med salta tunge av smale og vilt. Hausten 1349 kom pesten til gards, og seinare har det ikkje vore gardsbusetnad på øydegarden i Kikedalen.

Share to