• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: litografi av Christian Tønsberg (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare (Opphavsrett)

Sund kommune

Sund kyrkjesokn i sør og Fjell sokn i nord utgjorde saman ei eiga skipreide på Sotra frå mellomalderen og fram til 1800-talet; Sotr eller Sartor skipreide.

I den kyrkjelege administrasjonen ser vi korleis sjøvegen batt bygdene saman, om enn som her, over den vêrharde Korsfjorden mellom Sund og Austevoll. Nordre del av Austevoll høyrde til Sund prestegjeld medan Austevoll administrativt høyrde til Våg skipreide i Sunnhordland futedøme.

Sund prestegjeld

Etter reformasjonen omfatta Sund prestegjeld soknene Sund, Austevoll, Møkster og Fjell. I mellomalderen låg også ein del av gardane i Ytrebygda i Fana til Sund. Fjell var eige prestegjeld saman med Askøy 1813-1819 før sokna atter vart lagt under Sund. I 1841 vart så Fjell på ny eige prestegjeld saman med Askøy. Austevollsoknene vart eige prestegjeld i 1910.

Frå skipreide til kommune

Sund høyrde til Sartor skipreide før 1867. Då vart skipreida eller tinglaget delt, og Sund fekk eigen lensmann saman med Austevoll. Frå 1964 har Fjell og Sund hatt lensmann i lag. Det har ikkje vore endring av kommunegrensene sidan 1886 då Austevoll vart eigen kommune.

Stadnamn

Medan Sund og Klokkarvik er sjølvforklarande, er øynamnet Sotra omstridt. Mogeleg er det ei avleiing av gro. sjóða, koka eller súga "suga", i både høve om straumtilhøve. I mellomalderen vert det skrive «Soter», på 1600-talet «Saater».

Også Lerøyna, skrive «Lædirøy» 1329, er problematisk. Til grunn ligg kanskje eit bortkome ord med tyding «stong(gjerde)», anten om det rette løpet mellom Lerøyna og Sotra, eller slik at øya dannar eit gjerde mellom Sotra og fastlandet.

Golta er kanskje oppstått av ei sideform av galte, nytta om eit høgdedrag på øya. Førsteleddet i Risøyna tyder «ris, (kratt)skog», medan Trælevika (Trellevik) truleg inneheld træl «slave». Hummelsund finn vi ei form av humul «tett lag av småstein under jordskorpa». Kanskje står vi her overfor eit eldre namn på Toftøyna.

Førsteleddet i Tælavåg, stundom skive med e, kan vera ei avleiing av gno. tál «list, lurig», kanskje med bakgrunn i at vågen der kan forvekslast med eit sund. Tyssøyna er helst avleidd av gno. þurs «tuss, troll», kanskje om noko mørkt og avgøymt. Førsteleddet i Vorland - skrive «Wordaland» 1463 - er i slekt med varde, og namnet har truleg bakgrunn i fjellet Førdesveten (Sundsveten). Kausland inneheld gno. kausi «katt», her nytta som tilnamn.

Share to