• (Opphavsrett)

Ragnar Solberg, diktaren på Dovrefjellet

Ragnar Solberg. Få formidlar kjærleiken til naturen på Dovrefjell betre enn Ragnar Solberg.

Få formidlar kjærleiken til naturen på Dovrefjell betre - ein kjærleik knytt til opphald i fjellnaturen gjennom eit liv i arbeid og fritid, til alle årstider, mange livsfasar og sinnstemningar. Dikta viser ein person med ei religiøs ydmykheit overfor fjellnaturen som han skildrar med vakkert og klangfullt dovremål. Dovremålet passar godt til naturen på Dovrefjell og fortel om at språk og natur er nær knytt til ein annan – lite prangande og påtrengande, men likevel sterkt og kraftfullt.

Ragnar Solberg vart fødd i 1898 og døyde i 1967 og levde det meste av livet sitt på Fokstugu på Dovrefjell. Han fekk utgjeve 5 diktsamlingar i tida 1937 – 1966. Innhaldet i dikta varierer, men det er fyrst og framst skildringa og kjærleiken til naturen som gjer inntrykk.
 

Share to