• Photo: Svein Nord
    (Copyright)

Kraftstasjonen på Gåssand

Lite kapasitet

Den eine Gåssand-generatoren produserte kring 300 kw i 1914. Fire år seinare vart produksjonen dobla, men likevel måtte ein alt frå 1920 kjøpa kraft frå andre kraftverk. Krafta frå Gåssand utgjorde ein stadig mindre del av forbruket i bygda.

Teknisk kulturminne

Kraftproduksjonen på Gåssand vart lagd ned i 1965, men kraftstasjonen er framleis driftsklar. Bygningen og maskineri er halde vedlike, og velstelt og fin ser kraftstasjonen i dag ut slik han gjorde i 1918. Såleis er Gåssand kraftstasjon nærast eineståande, og han har stor verdi som teknisk kulturminne. Framleis er det Os elektrisitetsverk som eig anlegget, og det vil i framtida få status som museum.

Share to