• Photo: Nils Georg Brekke (Opphavsrett)

Mjøsvågen

Kisteverkstader

Det var kring 1865 at dei tok til med å arbeida kister for sal til kjellarhandlarane i Bergen. Jon Larsson Børneset Mjøs (1825-1913) var eigentleg smed, men han bygde seg hus i Mjøsvågen og starta opp med kisteproduksjon. Han gjorde det godt og bygde nytt hus, med eitt rom for snikring og eitt for beslag og måling. Etter kvart voks det fram fem kisteverkstader i Mjøsvågen. Mellom dei yngre var Lars L. Mjøs kjend for å vera ein dugande målar. Brørne Fuse og Halldor Hole hadde faste leveransar til kjøpmann Ole Bratland i Blaauwhopen ved Muren i Bergen.

Amerikakoffertar

Også i Lonevåg var det stor produksjon av ostrakister, og då det minka med avsetnaden på rosemåla kister kring hundreårsskiftet, la dei om til reisekoffertar med bogne lok; «amerikakoffertar » vart dei gjerne kalla.

Gjørtlarar

Lenger oppe ved Hole-elva heldt messingstøyparane, gjørtlarane, til - ein annan halvindustriell handverksspesialitet. Den gamle smia ved Hole-elva dreiv med støyping i opne former heilt fram til 1970-åra. Inst i Mjøsvågen kom det etter kvart mekaniske verksemder, som framleis er i full drift.

Share to