• Photo: Rannveig Djønne (Opphavsrett)
  • Photo: Rannveig Djønne (Opphavsrett)

Ulla fyrstasjon

Ulla fyr ligg på Kvernholmen ved Haramsøya. Fyret blei tent første gong den 25. januar 1874. I dag er det et populært turmål.

Ulukke fekk fart i fyrplanar

Ein av grunnane til at det kom fart i planane om bygging av fyr på Ulla, var ei ulukke i innløpet av Ullasundet i 1869. Så mange som 18 mann omkom. Fyret var i utgangspunkt eit fiskefyr, til hjelp for fiskeflåten.

Familiestasjon

I budsjettet for 1889-90 vart det gitt tilskot til å utvide brennetida ved Ulla fyr. Frå den tida vart stasjonen utvida til familiestasjon. Fyrvaktaren skulle bo fast på fyret med familien sin. Det vart sett opp bustadhus, naust med båtopptrekk, uthus og ein liten fjøs.

Bomba i 1944

I oktober 1944 vart Ulla fyr bomba og fullstendig øydelagt. Det blei sett opp ei provisorisk fyrlykt på Kvernholmen som stod der til 1949.

Nytt fyr

Fyret blei atterreist i 1949. Denne gongen i betong slik at det skulle tåle all slags ver. I 1965 blei det bygd ei gangbru frå Haramsøya over til Ulla fyr på Kvernholmen. Fyret blei automatisert i 1975 og utan fast tilsyn frå 1995.

Freda

Fyret vart freda av riksantikvaren i 2000. I dag er Ulla fyr eit populært turmål. Frå fyret kan ein sjå utover Norskehavet og langt både nord- og sørover.

Overnatting

Ullafyrets Vener kan ordne med omvisning og overnatting på fyret. Kommunikasjonen er god, frå Ålesund reiser ein til fyret med bil/buss og ei ferje. Kontakttelefon: 90 50 05 16.

Share to