• Photo: Trond Linge (Opphavsrett)

Notaholmen

Notlag

Eine halvparten av huset høyrer til garden Reistad, medan eit notlag åtte den andre. Notlaget vart oppløyst før krigen, men like fram mot 1950 vart nøter bøtte og barka her. Naust til dei store notbåtane hadde notlaget ved Kverneshella, slik at dei kunne koma seg ut når inste del av fjorden fraus til om vinteren. Dei rodde like til havs på både storsild- og vårsildfisket, og elles kasta dei etter brislingen inne i fjordane.

Share to