• Photo: kystverket (Opphavsrett)

Skalmen fyrstasjon

Skalmen fyrstasjon ligg på Smølas nordvestside. Fyret ble tent i 1907.

Skalmen holme

Skalmen holme måler berre 350 x 100 meter, og Fyrvesenet kjøpte Skolmen for 500 kroner. Arbeidet med bygginga av fyret tok til sumaren 1906.

Fyr plassert på taket

Et 4. ordens lynblinkapparat blei installert i ein sylindrisk lykt på taket av bustaden. I tillegg blei det installerte eit bifyr i etasjen under. Dette var ei 2. ordens lykt med fast linse.

Roald Amundsen

Den første fyrvaktaren på Skalmen var styrmann Lund som var med Roald Amundsen på Gjøa- ekspedisjonen. Lund hadde med seg ein sledehund frå denne ekspedisjonen og spor etter hunden vises framleis i sementen på Skalmen.

Husstand

Skalmen fyr vart først betjent av berre ein fyrvaktar med husstand og ein reserveassistent. Stasjonen ble i 1950- årene omgjort til tørnstasjon, med ein betjening beståande av fyrmeister, fyrbetjent og assistent. Assistenten hadde i byrjinga 8 månaders teneste, dette vart seinare utvida til 12 månader.

Elektrifisert

Hovudfyrlyset ble i 1949 forsterka ved installasjon av eit nytt fyrapparat. Skolmen fyr blei elektrifisert i 1962 med strøm frå egne aggregat. Fyret ble automatisert og avfolka den 30. juni 2002.

Share to