• Photo: Svein Ulvund
    (Copyright)
  • Photo: Yngvar Hansen
    (Copyright)
  • Photo: Ukjent
    (Copyright)

Banevaktar på Fagernut

Banevaktarlivet var ikkje for alle. Det barske klimaet med meir enn ni månader vinter gjorde livet tøft for familiane.

Ein av dei som treivst med tilhøva her var Gunnar Hjeltnes, som saman med kona Kirsten og ungane budde i vestenda av bustaden i ni år. Arbeidet varierte sjølvsagt med årstidene. Om somrane var det kontroll av solslyng, og stor fare for brann i dei knusktørre snøoverbygga; på hausten kunne det vera telehiv, ras og steinsprang. Gjennom den lange vintersesongen var det snømåling, og stadig kontroll med snøskavlane rundt og issvullane i sporet. Isen vart fjerna med salt. Vaktaren i Fagernut hadde lite arbeid med snømåling samanlikna med vaktarar som hadde meir open strekning. Om lag heile den 5567 meter lange strekninga som høyrde til Fagernut vaktarbustad låg i snøoverbygg. I tillegg var det nokre korte tunnelar som Taugevatntunnelen og den noko lengre Låghellertunnelen. Berre 2–300 meter låg i dagen.

Dei fire vaktarane som budde på Fagernut og Grjotrust hadde vakthaldet i turnus i snøoverbygg og tunnelar. Turnusen var elles slik at den som hadde siste visitasjon på ettermiddagen også skulle ha fyrste visitasjon på natta. For at strekningane skulle vera kontrollerte før vestgåande nattog passerte, måtte vaktaren på Fagernut vera på beina i tretida. Frå bustaden og ned til snøoverbygninga gjekk det ein metallstreng som ein måtte halde i når det var uvêr, elles kunne ein lett gå seg bort. Inne i snøoverbygninga var det mørkt og mykje røyk. Der var det òg ein streng som vart brukt for å gi lokomotivførarane signal når toget stoppa for å ta på eller sleppa av ungar eller varer. Ungane på Fagernut vart leidde i tau når det var uvêr.

Share to