Brødrene Rye

Vest for Bøkyrkjene ligg Nerbø, også kalla Majorbø. Ryeslekta som kjøpte garden i 1782 har sett spor etter seg i den dansk-norske historia.

Det var kaptein Mathias Andreas Rye frå Ringerike som kjøpte garden. Han fekk to døtre og fire søner. To av sønene fekk stor innverknad; den eine i politikken og den andre som krigshelt i Danmark.

Begge brørne, Johan Henrik (1787-1868) og Olaf (1791-1849) fekk miltærutdanning som sin far. Johan Henrik tok i tillegg juridisk embetseksamen. Begge tjenestegjorde som danske offiserar fram til 1814 då Napoleonskrigen tok slutt, og Danmark måtte gje frå seg Noreg til Sverige. 

Johan Henrik søkte då avskjed som premiærløytnant og vart seinare både byfogd, amtmann, byskriver, sat på Stortinget i 4 periodar og var Stortingspresident 1836-37. 

Broren Olaf gav ikkje opp sin militære karriere, og nekta i 1814 å avlegge eid til den svenske kongen og reiste til Danmark. Der kom han i krigsteneste og vart etter kvart generalmajor. 

Under den dansk-tyske krigen i 1845-50 leia Olaf slaget ved Fredericia 6. juli 1849. Han utviste stort mot og danskane klarte å bryte den preussiske beleiringa av byen. Sjølv falt Olaf under slaget, og er i dag rekna som ein stor krigshelt i Fredericia og Danmark.

 Du har kanskje hørt om Olaf Ryes plass i Oslo, Olav Ryes vei i Bergen og Ryevegen i Bø? No veit du kven desse har sitt namn etter.

 

Share to