• Photo: Norsk Jernbanemuseums samling. (UTSNITT AV FOTO) (Opphavsrett)

Bergensbanevisa

Rallaren Ferdinand Iversen frå Kristiania arbeidde fleire år på Bergensbana. Han var med på tunneldriving i Gravhalsen alt frå 1897 og i 1908 budde han i vaktarbustaden på Grjotrust. Her vart visa «Blant villaste fjelle» til.

Ferdinand Iversen var ingen typisk rallar, han hadde nemleg tatt artium. Han byrja så eit omflakkande rallarliv og var med på Trollhättan kanalanlegg i Sverige, før han kom hit til driving av Gravhalstunnelen frå 1897. Etter jobbinga på Bergensbana drog han til Rjukan og var med på Hydro sitt anlegg ved Herøya til 1917. Han gifta seg med ei anleggskokke og dei var saman på anlegget i fleire år. I 1923 slo dei seg ned på Rjukan der han var medarbeidar i Rjukan Arbeiderblad i 1930-åra. Han arbeidde også nokre år på Numedalsbanen og skreiv ei vise til opninga av denne bana i 1927. Visene hans er usentimentale, men ikkje kvasse.

Arbeidsviser
Når dei slo på mineboret med handemakt, var songen god å ha for å få rette rytmen og slik letta arbeidet. Songen hadde som oppgåve å skapa ein felles arbeidsinnsats gjennom eit rytmisk omkvede som alle tok del i, som til dømes velkjende «å hei å hå».

Skillingsviser
Dei visene rallaren skreiv, var skillingsviser om livet dei førde. Visene handlar om å byggja jernbane med nokre vers om den medvetne arbeidaren. Tekstane gjev oss eit usentimentalt bilete av kvardagen på eit baneanlegg. Rallarane var hardt arbeidande og stolte menn, som hadde stor innbyrdes solidaritet. Miljøet gav sosial tryggleik, om enn utan forsikringar. På Rallarmuseet på Finse kan du høyre fleire rallarsongar.
 

Share to