• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Kongelege på Finse

Det har vore mykje blått blod på Finse sidan Bergensbana vart opna.

Kong Haakon vitja Finse allereie i 1909 på veg med toget mot Voss for å stå for den offisielle opninga av Bergensbana. Etter opninga vart Finse ein kjend plass for turisme, og det var ikkje berre «mannen i gata» som vart lokka til fjells. Den norske kongefamilien har alltid vore ivrige brukarar av høgfjellet, og Finse har husa fleire av medlemmane, både på hotellet og i kongevogna som dei kongelege bruker når dei reiser med tog. Kong Haakon skal til og med ha vitja nokre av dei fastbuande på Finse under ein skitur han tok nokre år etter opninga av Bergensbana.

Utanlandske kongelege har også funne vegen til Finse. Eksempelvis kan det nemnast at Prinsen av Wales vitja Finse i 1914, noko som vart dekka av Bergens Tidende, som konkluderte med at prinsen var «en ivrig sportsmand av rang» som skal ha vore på «skiturer paa 50km i til dels vrient terræng.» Det Nederlandske kongehuset har vore representert ved Dronning Wilhelmina og hennar dotter, Prinsesse Juliana, som var dronningmor frå 1980 til 2004. Juliana skal visstnok ha vore ei ivrig lita jente som ville utforska fjellet utan livvaktene på slep. Livvaktene hennar måtte difor snika seg frå stein til stein over vidda etter henne.

Kongevogna fortset den dag i dag å vera eit fast innslag på Finse i skisesongen.

Share to