• Photo: Tegning av Johan Ludvi Losting
    (Copyright)
  • Photo: Tegning av Johan Ludvig Losting
    (Copyright)
  • Photo: Tegning av Johan Ludvig Losting
    (Copyright)

Svartebok frå Edøy på Smøla

Smøla kommune og lepra

"Protokoll for den spedalske sykdom i Edøy lægedistrikt" er tynn og rapporterer ikkje om meir enn tre døme på denne sjukdomen i Smøla på 1920-talet. Det går fram av protokollen at det eksisterte tre typar lepra: knutet, glatt og blanda. Distriktslegen rapporterte om flekker og opne sår på pasienten sine hender som er "atropisk og delvis følelsesløs." Huda som var infisert vart tjukk og hard. Pasientane måtte isolerast frå andre menneske og strenge krav til reinsemd og hygieniske forhold var naudsynt.

Frå utgangen av 1600-talet var Noreg og Island dei einaste landa i Vest-Europa som var råka av lepra i stort omfang. På 1830-talet kom det ein sterk vekst i talet på spedalske i Noreg - spesielt langs kysten og på Vestlandet. Protokollen frå Smøla tyder på at få vart råka av denne sjukdomen, men det må ha vore tragisk for pasienten og dei pårørande.

Tabuførestillingar og stigmatisering

Det var tradisjonelt sterke tabuførestillingar kring desse sjukdommane både i Noreg og i Europa frå gamle dagar. Sjukdommen lepra var saman med sinnssjukdom ein av dei sjukdomane som var sterkt stigmatiserande for den næraste familie og slekt. Før naturvitskapane sin framvekst på 1600-1700 talet, var desse sjukdomane uløyselig knytt saman med skuld, skam, straff og soning. Mange religiøse trudde at sjukdommar var døme på Guds straffedom og syndefall.

Moderne medisin

Frå midten av det 19. hundreår vart sjukdom meir og meir oppfatta som resultatet av at den ytre verda - bakteriar, virus, gassar, støv og skadelege matvarer - påverka kroppens indre med celler og vev. Denne isoleringa og reindyrkinga av dei einskilde sjukdomsframkallande faktorane, gjorde det mogleg mellom anna å kjempe mot dei fleste epidemiar som hadde herja Europa i hundreår. Det la grunnlaget for den moderne medisin, som på ein effektiv måte har kunna behandle og lindre mange av tidligare tiders uhellbredelege sjukdomar.

Share to