• Photo: Harald Trondstad (Opphavsrett)

Bjørnsund fyrstasjon

Bjørnsund fyr vart bygd for å betre navigasjonsforholda ved innseglinga frå havstykket Hustadvika til den indre leia. Fyret blei etablert i 1871 og avfolka og automatisert i 1993.

Betre lys

Frå 1882 ble det fremma krav om betre belysning frå overlos og fleire fiskarar. Og i 1886 forsterka ein lyset. I 1902 ble ein 2. ordens linse installert.

Tåkesignal

Kristiansund skipperforening søkte i 1899 om å få tåkesignal på fyret, og dette kom på plass i 1917. Eit maskinhus vart bygd, og ein fekk luftkompressor som blei drive av ein petroleumsmotor. Ved tåke gav den eit horn signal kvart 10. sekund.

Elektrifisert

I 1948 blei stasjonen elektrifisert med straum frå Aukra kraftlag. Ein supertyfon skulle også gje betre tåkesignal. Ein spesiell tåkedetektor blei også installert for å skjære ned talet på mannskap. Problemet var at denne ikkje virka under dei tøffe vertilhøva som herska på Hustadvika.

Gobiørkenen

Da radioingeniøren ein vinterdag kom til stasjonen og fant tåkedetektoren ute av drift og hardpakka med snø, ringte han til produsenten i England. Der kunne dei ikkje forstå at maskina ikkje fungerte. Han vart fortalt at prototypen hadde stått i fleire år utan feil - i Gobiørkenen!

Omgjort til tørnstasjon

Stasjonen blei omgjort frå familiestasjon til tørnstasjon i 1974. To mann var på stasjonen medan to var i land. Ein Racon (radarfyr) kom i 1977, som eit av det to fyrste på kysten av Noreg. Fyret blei automatisert og avfolka i 1993. Ein har seinare søkt om å bemanne det igjen.

5-600 menneskjer

Bjørnsund er eit fråflytta fiskevær med ein idyllisk atmosfære. Rundt 1900 budde det 5-600 menneskje der. Husa som fortsett står der, klorer seg fast til holmar og skjer. Dei er nå restaurert og tatt i bruk som feriebustadar. Bjørnsund er også ein populær leirskulestad. Det går fast båtrute frå Harøysund i sumarsesongen.

Share to