• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Jordbruket si framvekst på Kavli i Isfjorden

 Åkrane nedanfor tunet på garden er som regel av dei eldste, og kan difor også seie noko indirekte om sjølve bustadsutviklinga. Undersøkingane på Ytre Kavli kan tyde på at garden blei rydda i byrjinga av eldre jarnalder (510-390 f.Kr.). Tidlegare var det bjørkeskog på staden. På gunstige stader vaks det hassel, medan det var orskog i fuktige område. Langs bakken var det mest bregnar, men også noko gras og starr.

I førromersk jarnalder blei skogen rydda og brent, og det blei gjort forsøk på å dyrke bygg. Spor etter denne eldste dyrkinga blei ikkje berre påvist i åkerreina, men i eit område på om lag 1 mål. Skogen låg likevel tett innpå åkrane.  

Dyrkingsjorda frå eldre jarnalder skil ut som svært kolhaldig. I tillegg til at ein kan ha rota opp brannryddingslaget er det også mogleg ein har gjødsla med kol eller praktisert busktrede. Sistnemnte inneber at ein har latt jorda ligge brakk i nokre år, før busk og kratt blei svidd av og dyrka på nytt i nokre år før jorda blei utarma.

Spor etter husdyrgjødsel kjem først i vikingtida (800-1030 e.Kr), og mykje stein langs åkerreina tydar også på at åkrane har blitt rydda. Samla ser vi konturane av ei meir intensiv driftsform. No var landskapet elles blitt mykje åpnare, og områda kring tunåkeren var rydda og nytta til beite. Ei alternativ tolking er at ein periodevis har lagt åkeren i trede. Det kan også ha vore drive slått i nærleiken. Tidlegare er det både funne sigdblad og ljåblad i gravfunn frå vikingtida på Kavli. Ljåen er av den lange typen som ein i nyare tid nytta på innmarka.

Det er ingenting som tyder på at jorda blei lagt brakk etter Svartedauden. På byrjinga av 1400-talet var landskapet blitt svært åpent, og i tillegg til bygg hadde ein byrja å dyrka kveite. Noko seinare byrja ein dessutan å dyrke rug. Bruken av husdyrgjødsel auka også markant i mellomalderen, medan ein ikkje lengre finn spor etter beiting og slått nær tunåkeren. Sannsynlegvis var desse aktivitetane flytta lengre unna, kanskje også til utmarka.

Share to