• Photo: Christ Allan Sylthe
    (Copyright)
  • Photo: Christ Allan Sylthe
    (Copyright)
  • Photo: Olaf Andreas Knutsen Storegjerde
    (Copyright)
  • Photo: Olaf Storgjerde
    (Copyright)

Runde fyrstasjon

Kongelig privilegium

Ved eit kongelig privilegium den 24. februar 1767 fekk byfogd i Kristiansund P. F. Koren oppretta eit fyr på Runde. Runde fyr blei det femte i landet. Det var fyrt med kol og torv i ei fyrgryte som var plassert 145 meter over havet.

Dårleg lys

Torv er dårleg brensel for eit fyr og det kom fleire klager frå dei sjøfarande. Den høge plasseringa til fyret medførte dessutan dårleg sikt på grunn av skodde og nedbør. Etter slutten på napoleonskrigane i 1814 blei fyret flytta lenger ned, utan at det hjalp.

Oljefyr

I 1825 blei fyret bygd om til eit lukka kolblussfyr. Kolfyret blei sløkt i 1858 då det vart erstatta av eit oljefyr. Eit 27 meter høgt støypejarnstårn vart reist og eit 1. ordens fyrlinseapparat blei tatt i bruk. Det nye fyret låg nærare sjøen enn det gamle hadde gjort.

Endå eit nytt fyr

I 1935 blei fyret flytta igjen, tilbake til kolblussfyret frå 1825. Runde fyrstasjon vart no elektrifisert. Det gamle steintårnet frå kolfyringa si tid blei sprengt vekk og erstatta med eit firkanta betongtårn. I 2002 vart fyret automatisert og avfolka.

Turisthytte

Ålesund-Sunnmøre Turistforening fekk ein avtale med Kystverket i 2003 om å bruke den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. Fyret er freda av Riksantikvaren frå 2001.

Share to