• Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)

Sålesnesheller - ein «tung» eksportartikkel

Heller bergmann enn dreng

Om arbeidet i helleberga i femårsmeldinga 1851-55, seier lensmannen i Jondal at mykje av steinen går til Bergen, Haugesund og Stavanger. Arbeidsstyrken er 30-40 mann, dei driv helst vår, sommar og haust, og dei tener «temmelig godt». Lensmannen i Strandebarm omtalar arbeidet i «Helleurdi» og seier at det er vanskeleg å skaffa drenger, fordi minst 40 husmenn, strandsitjarar og lauskarar frå bygda arbeider på Sålesnes, frå mars til november.
 

Mange tonn helller

I meldeprotokollane til Havnefogden i Bergen ser vi i 1896 at frå juli til november er det registrert 151 tonn heller, frakta på skøytene «Nonen», «Manger» og «Solesnes» og jektene «Brødrene», «Johanne Karine» og «Haabet». I 1904 er det frå mars til oktober registrert 269 tonn heller. Åra fram til 1910 var omfanget det same. Det året vart det skipa ut frå Sålesnes 5000 kvadratfamnar plattingsstein (fortausstein) og takheller.
 

Share to