• Photo: Litografi
    (Copyright)

Nils Hertzberg

Den myndige og allsidige prosten i Ullensvang frå 1802-1842, Nils Hertzberg, heldt eit ope hus i prestegarden og tok mot mange besøk som han noterte nøyaktig ned i gjesteboka si.

Gratis losji i prestehuset

Før 1821 hadde han berre vore vitja av to utlendingar. Den tid var prestegardane eit slag gratis losjihus for verdige reisande; kunstnarar, forfattarar, vitskapsmenn og embetsbrør. Hotell fanst enno ikkje i distrikta, berre skysstasjonar med vekslande standard. Gjestgjevarstaden på Utne var rettnok ein av dei som tidleg fekk ry for godt stell, og det vart Torbjørg Utne, «Mor Utne», som kom til å ta over posisjonen etter gamlepresten, men det var utan tvil Nils Hertzberg som la grunnen for turismen i Hardanger.

Vidtrekkjande omdømme

Den gode prosten var ein mangfaldig herre. Han var vitskapsmann, skreiv etnografiske artiklar i «Budstikken» og måla akvarellar av bygdeskikkar og folkedrakter, dreiv som lækjar og førte ein stor korrespondanse innanlands og utanlands. Omdømet om gjestfridomen i prestegarden i Ullensvang nådde langt nedover i Europa.
 

Share to