• Photo: Håvard Hatløy (Opphavsrett)

Heksebrenning på Buskholmen

På sørsida av Nautøya ligg fleire mindre holmar. Nærmast riksvegen og brua frå Gurskøya til Nautøya, ligg ein liten holme som er tettvaksen av vegetasjon. Dette har nok gitt holmen namnet, Buskeholmen. Mellom denne og Vedøya er der eit trongt sund, som kan gåast med småbåtar.

Buskeholmen har ei segn som fortel at ei ung kvinne vart brend her, skulda for å vere ei heks. Før ho vart brendt på bålet skulle ho ha sagt at til merke på hennar uskuld skulle det vekse like tett av vokstrar på holmen som det var hår på hennar hovud. I tillegg skulle det vokse artar av alle slag.

Holmen ligg her tettvaksen med mange ulike artar og har vore krattvaksen så lenge folk kan hugse. Dette har minna folk i generasjonar på hennar uskuld, men i dag har segna mest gått i gløymeboka.

Presten Hans Strøm skreiv om denne holmen i 1762, men nemner ikkje heksebrenninga. "Buskholm, en ganske liden Holm, omtrent 50 skridt lang og halv saa bred, men kiendelig adskilt fra de øvrige ved de mange Træer, hvormed den overalt er besatt, og hvoraf den har faaet sit Navn. Aarsagen, hvorfor denne lille Lund bestandig har været fredet og sparet, frem for saa mange andre og meere betydelige Skove, siges at være denne: at man har anseet Holmen som et helligt Sted, der ei maatte røres, og troet, at den beboes af visse saakaldte underjordiske Folk, som man ei maa tilføie nogen Uroe eller Fortræd; en Overtroe og Indbildning, som man til de norske Skoves Vedligeholdelse næsten maatte ønske, at den havde været noget meere almindelig -." Strøm fann m.a desse artane; osp, rogn, kristtorn, sløkje, liljekonvall, marimjelle og gullris. Somme planter hadde ei sjeldsynt høgd.

Om det er heksebrenninga eller noko anna særskildt som har føregått på holmen er vanskeleg å seie, men det er iallefall vore ein grunn for at ein aldri har hatt dyr på beite her. I dag er det også mange andre småholmar i området som har grodd att, på grunn av manglande beite.

Share to