• Photo: Prospekt av J.F.L. Dreier (Opphavsrett)
  • Photo: tekna av Inge h. Rotevatn (Opphavsrett)
  • Photo: Ivar Eikehaug (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Meland kommune

Kyrkjestaden Meland

Garden Meland har vore kyrkjestad sidan midten av 1200-talet. Stavkyrkja var i bruk fram til 1616. Då vart det bygt ny tømmerkyrkje på same staden. Den kyrkja som står i dag, vart bygd i 1866. Her finn vi eitt av dei sjeldne instrumenta til orgelbyggjaren Schulze frå Hannover.

Meland sokn låg under Hamre prestegjeld til det i 1885 vart ein del av det nye Alversund prestegjeld og kommune.

Eigen kommune 1923

Det kommunale sjølvstendet kom i 1923. Alversund kommune vart då delt; ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland. Ved kommunereguleringane i 1964 overtok Meland Flatøya frå Hamre, samt Herdla sitt område nord på Holsnøya. Også eit utmarksstykke på Holsnøya, som tidlegare høyrde til Sæbø kommune på Radøya, vart ein del av den nye kommunen. Samstundes vart Hanevik krins (Bergen) overført til Askøy kommune. På 1600-talet høyrde heile Holsnøya og heile Askøya til Herdla skipreide, med unntak av Flatøya, som låg i Alenfit (Olundfit).

Innhaldsrikt kulturlandskap

Ein tur over Holsnøya viser eit innhaldsrikt kulturlandskap med mange spor etter historia; steinhus, terassemurar, sjøbruksmiljø og setegardar for kondisjonerte byborgarar.

Stadnamn

Det vanlege namnet Meland er laga til gno. meðal «mellom». Førsteleddet i Frekhaug er kanskje ett bortkome elvenamn i slekt med gno. freka «strengleik, hardleik» eller gno. frekr «grådig». Io, skrive «Hia» 1427, er usikkert. Ei tolking er «barlind». Håøyni inneheld gno. hár «høg». Førsteleddet i Fløksand kan setjast i samband med gno. flóki «flyndre, noko flatt». Gaustad er ei samansetjing med mannsnamnet gno. Gauti og staðir «bustad». Ådland, av eldre Årland, tyder «garden ved åa». Hopland er usikkert, mogleg ligg det til grunn eit eldre Hofsland «land som ligg til ett hov».

 

Share to