• Photo: Ukjent. Privat eige.
    (Copyright)
  • Photo: Gaute Ljotebø
    (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)

Skyttarlag på Kyrkjebø

Rundt 1920 var det tre skyttarlag på Kyrkjebø. Som gutunge kom eg over ein kasse med gamle bøker og ulike skriv på loftet i huset etter mine besteforeldre.

For nokre år sidan tok eg turen opp igjen på nytt. Første gongen eg var der hadde eg ikkje så mykje greie på kva det var, og kva eg skulle gjere med det. No ville eg sjå over det på nytt for å søke og ta vare på det.

Det meste var bøker og anna trykt materiell. Fleire av skriva var av privat karakter i form av kort, brev og liknande. Men det var og noko her som hadde allmenn interesse. Her var protokollar og diverse skriv frå fleire skyttarlag som bestefar min Anton Ljotebø (1896-1976) hadde teke vare på. Kanskje det mest interessante var forhandlingsprotokollen til Kirkebø Skytterlag 1888-1931. I denne kan vi lese kven som sat i styre og stell. Resultat frå ulike skytingar. I tillegg informasjon om anna aktivitet og forhold som angjekk skyttarlaget. Ein viktig aktivitet i så måte var skyttarfesten. I protokollen er og rekneskapet til skyttarlaget frå 1885-1910 ført.
 

På siste sida som er ført i protokollen kan ein lese at dei i 1931 gjekk saman med Berge skyttarlag til det som no vart til Kyrkjebø og Berge skyttarlag. Noko av forklaringa til samanslåinga er å finne i det som truleg var referatet frå årsmøtet året før.

”Den 21-9-1930 var det møte i Kyrkjebø skyttarlag. Det var frammøtt 6 medlemmer. Desse sakene vart fyrehadde: Vart ikkje samde og vart utsett til seinare, avdi at berre 4 medlemmer var at til slutt.”

Ei rekneskapsbok frå Frivik skyttarlag fortel oss at skyttarlaget truleg var i drift frå 1914 til 1923. I følgje forhandlingsprotokollen til Kyrkjebø skyttarlag gjekk medlemmene i Frivik skyttarlag inn i Kyrkjebø skyttarlag i 1923.

Utifrå dette kan ein fastslå at det rundt 1920 var tre skyttarlag på Kyrkjebø. Kyrkjebø skyttarlag, Berge skyttarlag og Frivik skyttralag. Frå 1931 var det berre eit lag igjen, Kyrkjebø og Berge skyttarlag. Fleire bøker med skyteresultat og anna informasjon frå desse laga fortel oss kven som var med og medlemmer enkelte år. Ein kan endatil finne detaljerte informasjon om kva den einskilde skyttaren skaut. Ein får også rimeleg god oversikt over økonomien i periodar til to av skyttralaga. Materialet som eg kom over er avfotografert og skanna i digitalisert form av meg privat. Originalmaterialet er levert inn til Høyanger folkebibliotek.

Kjeldematerialet gir oss korte innblikk i skyttarlagsaktiviten på Kyrkjebø mot slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet. Kanskje finnest det i andre heimar eller i andre offentlege arkiv kjelder som kan utfylle og komplettere? Samla kan dette materialet vere med på å gi grunnlag for å kunne få fram forteljinga om skyttarlaga på Kyrkjebø.

Share to