• Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)
  • Photo: Joel Boaz (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Orten Lie (Opphavsrett)

Grip fyrstasjon

Fyret vart bygd på skjeret Bratthårskollen som ikkje måler meir enn 150 x 60 meter Høgaste punkt over havet er berre 6 - 7 meter. Skjeret ligg svært utsett til, utan vern frå vest og nord. Det er difor utsett for dei enorme kreftene som sjøgangen medfører frå desse retningane

Største utfordringa for fyrvesenet

Fyrvesenet såg på bygginga som den til då største utfordringa. Arbeidssesongen vart rekna til fem-seks månader. Arbeidet starta våren 1885. Den 17. august tok dei kraftige sjøane lossebrygga, sementlageret og andre bygningsmaterialar og alt gjekk tapt.

Ferdigstilt 1888

Fyret vart tent den 15. oktober 1888. Bemanninga var ein fyrvaktar, ein fast fyrbetjent og to reserveassistentar. I tårnet var det bustad for bemanninga.

Psykisk hardt

Det kunne være ei tøff påkjenning å sitje ute på fyret i månadsvis utan å sjå andre enn dei to kollegene. Ein gong i fyrets tidlige historie hadde bemanninga prøvd å bøte på dette ved å tilsette ei ung kvinneleg kokke.

Ureglementert

Distriktsingeniøren påpeikte at noko kokkestilling ikkje sto i fyrvesenets bemanningsreglement. Jenta vart skyssa i land og dei tre karane på fyret fekk bot.

Elektrifisert

I 1932 vart fyret elektrifisert med straum frå eigne aggregat. Frå 1970 vart helikopter brukt til frakt av personell, post og varer. Automatisering kom frå 1977, då vart fyret også avfolka. Tre år tidlegare hadde dei siste innbyggjarane på fiskeværet Grip flytta.

Freda

Fyret er freda etter lov om kulturminne. I dag er det Norsk Fyrhistorisk Foreining saman med Kystdirektoratet og Riksantikvaren som sørgjer for restaurering og bevaring av den utsette stasjonen.

Share to