• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Den Trondhjemske Postveg: Ervik (Glaskaret) - Rolland

Den har ei breidde som ligg jamt på 3,7 meter, og stort sett er vegbanen kantsett og delvis oppmura med naturstein. Vegdekket er mange stader hardt medfare, og her og der stikk steinar opp midt i vegbanen. Grøftene fungerer diverre ikkje som dei skal og regnvatn lagar dels djupe furer i vegbanen. Dette gjeld særleg strekninga mellom Storbotn og Rolland. At vegen i Glaskaret er overgrodd av gras, er kanskje årsaka til at den her ikkje er skada på den same måten?

Ervik – Storbotn 

Vegen fram til Storbotn går gjennom eit vakkert kulturlandskap forma av spade og ljå, og frå toppen av Glaskaret er utsikta sørover strålande. Fleire rydningsrøyser ligg langs vegen, og ei imponerande steinmura løe, som skal vere frå 1700-talet, ligg i Storbotn like ved postvegen. I dalbotnen bak Storbotn passerer vegen ei steinhellebru med det som truleg har vore ein merkestein oppå. Kanskje markerer steinen avstanden til Bergen, eller den viser til ei eigedomsgrense, eller er det ein rodestein? Mellom Storbotn og Rolland går den største delen av vegen gjennom utmark som ikkje lenger blir beita, og kulturlandskapet er i ferd med å gro att. Vegetasjonen er tettvaksen, og furu, bjørk, or og einer har fritt spelerom.

Rolland 

Når ein nærmar seg den gamle postgarden Rolland opnar landskapet seg igjen. Garden er omkransa av ein fin gammal steingard, og fleire av gardshusa er frå 1800-talet – eller kan henda endå eldre. Om han var på marka, i fjøset eller sov, måtte postføraren på Rolland til alle tider vere klar til å bringe posten vidare. Det vert fortalt at postmannen alltid bles i hornet når han var på toppen av Glaskaret. Og då måtte postføraren straks gjere seg og hesten i stand til å overta posten og føre den vidare til Hordvik/Tellvik.

Fant og husmenn 

I svunne tider var det mange rekande fantar som gjekk langs vegane, og det å bu einsamt til kunne vere ganske utrygt. I «Husadalen», no under Storbotn, låg ein husmannsplass ikkje langt frå postvegen. Og ein dag plassfolket var ute kom ein kjeltring hit, tok seg inn og sette like godt fyr på heile plassen. Plassfolket mista alt dei eigde og måtte i nauda bo under ein hellar ei god stund, fram til dei fekk seg noko nytt. Kjeltringen vart teken til fange, og skal ha vore den siste som vart avretta i Bergen. 

Share to