• Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: Nina Jorunn Brekke (Opphavsrett)

Solglytt 1909 : Ferdabrev - del 2

                    Ferdabrev

                   (Framhald)


Eg labbar so i veg att og gjekk inn til ho Berte og han Sivert. Ho Berte sat og saumte paa ein Sognesaum, som ho tenktest faa fyrste premi fyre, daa det vert utstilling paa Kyrkjebø att, skynte eg.

Han Sivert stod og skulde stiva upp kniblarne sine til helgi; men han let illa yver at dei var vande aa faa greida paa.
Eg gjekk so upp til ho Gitlaug og ho Hanna.
Ho Gitlaug klaga yver, at ho hadde ille gangspiror, etter ho siglde paa Vatsdalsvatnet i fjorvinter.
Ho Hanna sat og skreiv brev, venteleg var det til fyren sin, men det skal visst ganga stillt.
Ho Gudrun hadde net hengt inpaa til kvelds aat grisen; men so ylte eimbaaten, som ho skulde fylgja, og so maatte ho springe fraa heile driva.

Eg maatte so fylgja jarnbana ned Brekke mest til turka, resten av vegen matte eg taka foten til hjelp, for bana gjekk ikkje lenger.

Eg rangla so inum paa verkstaden til han Gullak Fitjane. Han havde hat det so ansamt med aa smia pylsepinnar dei siste 8 dagrne;
Eg tenkjer det var 3000,han sa, han hadde arbeidt paa
8 dagar men enda var det mykje fleire som var tinga fortalde han.
Eg spurde kva pris han hadde paa kvar pinne, og han fortalde at han hadde brukt aa taka 0,30 øre stykke;
men det var knapt nok det no, tykte han veden var so dyr, so til aars vilde han leggja paa 0,10 øyre til.

Eg skulde so sjaa in til ho Anna, Ingebjørg og han Gunnar og han Hermund.
Ho Anna sat og rekna yver kor tid kyrna skulde bera til vinteren.
Det gjekk godt med dei andre, men med ho Dagros fekk ho det til soleis, at det ikkje vilde verta noko bering,
men korleis det hadde seg skyna ho ikkje.
Ho Ingebjørg hadde net heng han Lars inpaa. Dei vilde snart hava seg ein kaffiskvett, nemt ho.
Han Gunnar driv att og fram paa golvet, kva han spekulerte paa, veit ikkje eg.
Men han Hermund sat og spelte slottar paa Orgelet, so det knaka, men det kan du tru var fint.

                                                                (Meir)

usignert


Bladstyrar : Torstein Fitje

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet
i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to