Ein regnvêrsdag ved Tinnsjøen i 2013

Utvandringa frå Telemark starta i 1837, og Rue-følget frå Tinn var dei aller fyrste. Dei reiste 17. mai og kom til det nye landet to månader seinare.

Ein haustdag tok nokre tinndølar meg med til Tinnsjøen, til den staden dei fyrste utvandrarane til Amerika reiste frå. Med oss denne dagen hadde me eit par frå Minnesota. Ein av forfedrane hans hadde utvandra frå Tinn i 1852.

 Så kom eg, 176 år etter at dei fyrste reiste, til denne staden. Dette var rart. Det var som om eg kunne kjenne korleis dei hadde hatt det. Dei reiste frå alt, frå bygda si, frå heimen sin, frå familie og vener. Dei reiste til det ukjende. Ville dei nokon gong kome heim att til Tinn? Kva ville framtida by på? Korleis var dette Amerika?

 Det var ei sterk oppleving å stå der ved stranda av  Tinnsjøen, ein septemberdag i 2013 i striregn. Det var nesten som om eg var på veg til Amerika. Inntrykka var mykje sterkare enn eg nokon gong hadde trudd. Kanskje regnvêret gjorde denne stunda magisk?

 Ein ting er sikkert! Hadde eg levd i 1852, så hadde eg reist til Amerika! Eg hadde reist med bankande hjarte og klump i magen, full av sorg fordi eg reiste frå så mange av mine kjære, angst for det ukjende, glede over å få oppleve dette eventyret og håp om ei betre framtid!

Share to