• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Rosling, Henry (1828-1911) (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Fantoft - Stavkyrkja frå Fortun

Kopi etter brannen

Her har kyrkja vore ein av dei store attraksjonane i over hundre år. Den 6. juni 1992 kom katastrofen; kyrkja brann ned til grunnen. Det vart eit folkekrav at stavkyrkja skulle byggjast opp att slik ho sto på Fantoft, i nøyaktig kopi; eit sjeldsynt antikvarisk atterreisningsprosjekt.

Opphaveleg 1100-talet

I Fortun må kyrkja opphavleg vera bygd i andre halvdel av 1100-åra. Skipet var då litt lengre enn det som brann i 1992. Dette hadde fem par midtromsstavar, mot tidlegare sju. På 1600-talet vart det bygt til eit tårn i vest, og det gamle stavbygde koret vart erstatta av eit tømra kor. Slik stod kyrkja fram til flyttinga i 1883.

Tilbakeført til mellomalder på Fantoft

Då bygningen skulle setjast opp att på Fantoft, meinte ein å kunna påvisa at skipet var blitt lengd i mellomalderen med to ekstra stavpar, og at materialar frå det eldste koret var blitt brukt til dette. Skipet vart i 1883 innkorta til den opphavlege lengda med fem par midtromsstavar. Stavpara som vart til overs, vart nytta til rekonstruksjon av det stavbygde koret. Ein har valt å halda fast ved denne forma når stavkyrkja no har vorte atterreist for andre gong; likeins eksteriøret, med svalgangar, spontak, kortårn og takryttar over skipet, som er rekonstruerte etter førebilete frå Borgund stavkyrkje.

Share to