• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Teikna av Magnus Hardeland (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Øygarden kommune

Rað- og Hjelme skipreide

Men i mellomalderen, i den skipreideinndelinga som byggjer på Magnus Lagabøtes testamente frå 1277, høyrde Hjelme til Rað skipreide (Radøy), medan øyane lengre sør låg under Herdla. Frå 1964 vart Hjelme kommune slått saman med desse øyane, den ytste delen av Herdla kommune.

Nord-sør deling

Nord-sør delinga av den lange Øygardskommunen går såleis tilbake heilt til mellomalderen. Det er lett å forstå at det må vera slik. Når det var fjorden som var ferdslevegen, var øyane i vest, med utværet Herdlevær, næraste grannane til kongsgarden på Herdla.

Stadnamn i Øygarden

Øygarden er eit karakteristisk namn på den lange rekkja av øyar som dannar ein gard «gjerde» ut mot havet. Hernar, i målføret Hædlane og Hædnøynæ:, er nemnt fleire gonger i sagalitteraturen. Namnet høyrer til same rot som gno. hjarsi «isse» og gno. hjarni «hjerne» og siktar vel på den hovudliknande høgda på øya. Hjelmo heng saman med gno. hjalmr «hjelm, stakkforma høgd» og er truleg eit eldre namn på Selsøyni. Sele er dativ eintal av sel «stølshus».

Stura ser og ut til å vera ei gammal dativform med usikker tyding. Alveim, og skrive Alvheim, inneheld eit eldre ord alfr «grus». Hjartøyni er truleg namngjeven etter likskapen med eit hjarta. Tjeldstø er samansett av gno. tjald «telt» og stóð «(båt)stø». Oni, skrive «O» i mellomalderen, er det gamle namnet på Breidvikøyni. Namnet kan vera ei sideform av gno. á «å, elv», men det er uvisst kva som er opphavet. Same ordet er førsteledd i Ovågen.

Rong kan vera ordet rong «rom i framskut eller bakskut i båt», i slekt med rang »skeiv, vridd». Toft er laga til ei sideform av tuft. Førsteleddet i Blomvåg er gardsnamnet Blom, som mogeleg kan setjast til eit eldre blá «noko bleikt, lyst».
 

2 comments

  • Skogsvåg i Øygarden eksisterer ikkje. Det skal vere Skogsøyna (Skogsøy)
  • Skogsvåg i Øygarden eksisterer ikkje. Det skal vere Skogsøyna (Skogsøy)

Share to