• Photo: O. Schumann Olsen. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kræmmerholmen - eit historisk miljø

Fiskehandel

På slutten av 1700-talet var Kræmmerholmen mellom dei handelsstadene som hadde størst omsetnad i Nordhordland, først og fremst på grunn av fiskehandelen. Fedje var eit viktig fiskevær på kysten. Hit kom fiskarar frå vidt omkring i sesongane. Christopher Kahrs, ein av Bergens rikaste kjøpmenn, kjøpte Kræmmerholmen i 1799. I tillegg til sjølve handelsstaden åtte han heile Fedje, med 34 oppsitjarar og alle hus, dessutan Rongevær, Toftegård og handelsstaden Kjelstraumen i Austrheim.

1700-tals hovudbygning

Den gamle hovudbygningen på Kræmmerholmen er bygd på 1700-talet. Her var det stove, kjøkken og kammers for kjøpmannen, og ei krambu bygd til i vinkel. I dag inneheld hovudbygningen matsal og salongar, medan kjøkkenet er plassert i den tidlegare krambua. Søraust for hovudbygningen ligg tuftene etter ei stove med «prestekammers» og eit eldhus.

Kræmmerholmen restaurant og gjestgjevarstad

I 1842 kom det ny handelslov, og det vart slutt på dei privilegerte handelsstadene. Dei gjekk etter kvart over til å verta reine landhandlar. I 1880-åra tok handelen på Kræmmerholmen slutt. I dag, hundre år seinare, kan du koma til Kræmmerholmen og få god mat og mottaking. Den gamle gjestgjevarstaden vart opna att 1. mai 1991, med restaurant, overnattingsstader og tilbod til båtfolket — og eit lite «kystkulturmuseum» i sjøbua. Våren 1993 vart det nye anlegget med «havstover» på Kræmmerholmen opna. Det er seks velutstyrte stover med åtte bueiningar og til saman 40 sengeplassar. Den gamle «Prestestova» ved sida av hovudhuset skal også byggjast opp att.
 

Share to