• Photo: Håvard Hatløy (Opphavsrett)
  • Photo: Håvard Hatløy (Opphavsrett)
  • Photo: Frode Pilskog (Opphavsrett)

Halshogging på Stegleholmen

Svenskar halshogde på Herøy i 1564 

Erik Munk var førar for den hær og flote som siglde nordetter frå Bergen 26.april 1564 for å vinna attende Trøndelag frå Claude Collart, som var hærførar for svenskekongen Eirik 14. Det var lensmann, Erik Rosenkrantz i Bergenhus, som på eige initiativ fekk samla ei bondehær på 4000 mann.

Nordanfor Stadt la Erik Munk fyrst inn til Herøy. Her kom Frantz Kjøbenhavn, Hans Finnson, Stopher Skrivar og Hans Larsson (skrivaren), dei i møte. Hærfolket som dei hadde samla, låg på Hatløya, litt nordanfor Herøy. No kunne dei melde om at der var ikkje svenskar att på Sunnmøre. Dei var dregne til Romsdalen, men fem svenske speidarar var fanga her, ved hjelp frå bøndene. Speidarane vart førde til Herøy og straks halshogde. Hovuda deira vart sette på stakar, truleg på Stegleholmen.

Siste halshogginga i Herøy

19.januar 1700 drap Ola Pederson Frøystad grannekona. Saka gjekk i lagtingsretten i Bergen og han vart dømd til døden ved halshogging. Ola Pederson Frøystad vart avretta 13.oktober 1700, truleg på Stegleholmen. Skarprettaren budde i Borgund og heitte Jon Pederson. Dette var siste dødsdom som har falle i Herøy.

Share to