Kvar vaks Eirik Blodøks opp?

Historie laga på kurs


Eg vaks opp på Rygg på Sørstranda i nåverande Gloppen kommune.

I slekta mi har ei historie/segn vorte fortald om ein gut frå Rygg som vart fostra opp hjå ein herse på Vereide. På same tid var der og ein kongsson. Desse to gutane vart blodsbrødre – dei blanda blod i ei gammal veit.

Guten frå Rygg gifte seg med dotra til hersen. Då dei fekk sin fyrstefødde – ein gut – vart kongssonen fadder og ga guten namnet sitt – Eirik – og ein båt i dåpsgåve. Det er det som gjer sørstrendingane til så gode båtbyggjarar.

Så langt segna.

Sørstrendingane er/har vore flinke å bygge båtar. Det har nok og med god, seinvaksen skog og miljø å gjere, men malen Eirik Blodøks var sin båt. Namnet Eirik har vore og er brukt annankvar generasjon – far min heitte Eirik.

Han var spesielt historieinteressert og fann eit dikt om Eirik Blodøks der det sto: «Han tamde sine hestar på Vinreidr». Det einaste Vinreidr ein veit om er Vereide i Gloppen. Pappa drog då konklusjonen – kongssonen var Eirik Blodøks. Han fekk gehør for tanken sidan han vart konge av Morokulien – det vil seie at han kunne føre slekta si lengst tilbake i Norden.

Historikarane veit ikkje kvar Eirik Blodøks vaks opp, men dei nemner Svanøy i Sunnfjord. Men eg vil sjølvsagt hevde at eg «eig» sanninga. For å vere grei kan eg gå med på at han vaks opp både i Sunnfjord og Nordfjord – vi kan «dele» på han!


Share to