Har du høyrt om regntida ?
Me har og tider for turke og regn
Har du sett korleis hard mursteinsjord
litt etter litt gjev etter
for regnstraumar ?
Vatn feller seg ned
et seg veg
gjer skorpejord til velling
Gjeng ut i heimsleg sommarregn
Lufta er krydda av hundekjeks
karve og sommareng
Angane slær mot ein
Ei plaskskyl vaskar av støvet
Fulle dropar dryp frå blad
frå stylk og strå
heng som blanke speglar og skin
Regnbogen teiknar seg lett over fjellet
Det er varmt og skiftande
Gjeng og tek inn sommaren under huda
Alle blomsterbarn
alle duftar og slag
Nyperose – smørblom – prestekrage
Heile mylder av stemor
med opprekte hovud
som ein kyrkjelyd i gamaltid
Skråningar og skjæringar
med rallarens ros – geiteramsen
Alt har si tid – si vesle tid
Regnstruttande grønt ljåstubbgras
steinveg og støv
Droplar slær ned – sprett opp
rører støvet kvervlande om
Søt ram groelukt og
ein vill sommardraum
om at alt er kort
Likevel uendeleg
Alle ting skjer igjen og igjen –
men ingenting blir akkurat lik
Du og eg blir aldri meir skapt
Inga menneske kjem til å fortsette
når du er borte
Så kort ein sommar menneska har
Og alle eig ein draum
om fortsetting
All livsens meining i dette
Alle frø må i jord
så får seinare kome
det som kome skal
Ein draum – ein drope på grein