"Nød bryder alle Love"

Måndag 11. mars 1822 starta som ein varm og vindstille dag. Sildefisket var godt og dei fleste menna hadde reist ut på havet. På Byrknes hadde seks born rodd ut på holmane for å skjere lyng, medan mødrene gjekk heime og stelte garden.

Ut av det blå svartna himmelen til og det begynte å blåse opp til storm. Ei fæl snøbyge kom inn over øyene og bølgjene slo inn mot land. Konene skjønte fort at borna deira ville fryse ihel om dei ikkje kom seg heim att i ly, og i desperat jakt begynte dei å springe frå hus til hus for å finne nokon som var villige til å hente heime borna. Overalt der dei banka på fekk dei beskjed om at det var sjølvmord å reise ut på havet i den stormen som herja.

Då dei fortvilte mødrene til slutt banka på hos lensmannsgarden såg dei håp. Der satt den berykta meistertjuven og forfattaren Gjest Bårdsen fengsla saman med Svend Brekke. Dei sa seg villige til å prøve å berge borna heim att om dei berre fekk sleppe ut av fengselet. Sjølve lensmannen var ute på reise, så det var berre kona som var heime. Ho meinte fast at «Nød bryder alle Love» og låste fangane ut.

Etter mykje om og men fekk dei to fangane med seg seks fastbuande ut på redningstokt; ein ausa, ein styrte og seks rodde og det tok dei to timar før dei kom ut til holmane der borna var. På ein holme fann dei tre av borna og den knuste båten dei hadde brukt for å komme seg ut. Dei siste tre borna var det ingen spor etter. Det begynte å bli mørkt og tida rann ifrå dei. Rett før dei heldt på å gi opp, fekk Bårdsen auge på dei tre siste borna. Dei hadde gått av på ein anna holme og stod fortvila på land ropa etter hjelp. Sjølv om bølgjene slo over dei, fekk mannskapet på båten til slutt berga borna trygt om bord i båten og saman sat dei kursen heim.

Det er sagt at ni av konene på Byrknes vart enker denne dagen.  Gjest Bårdsen, som kalla denne dagen «skrekkens dag», opplevde at han og medfangen Svend Brekke fekk meir støtte etter redningsbragden og tilboda om hjelp til å flykte frå fengselet i lensmannsstova var mange.

 

 

 

 

 

Share to