26. Eit tre er ingen skog

"Vers ved vannvegen" presenterer den lokale diktaren Alf Haugland sitt dikt "Eit tre er ingen skog".

Måtte vera

triveleg

å eiga eit

tre

 

ei gran

hell’ ei

furu

ein kunne sitte under

i svale sumarkveldar

kjenne angen av

kvae

høyre suset o

krona

og fuglesong frå

kvar einaste

grein

 

men det måtte berre vera

eitt

 

for var det

fleire

kom ein vel berre til å

sitte og syte over

tømmerprisane

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen

Share to