31. Sommarutstilling

"Vers ved vannvegen" presenterer den lokale diktaren Alf Haugland sitt dikt "Sommarutstilling".

Det var mange fine

farger

å sjå på

måleriutstillinga

 

så eg sa til meg

sjølv:

 

finaste eg har sett

 

men då eg kom

heim

gjekk det ein

svarttrost

på den nyslåtte

plenen

 

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen

Share to