• (Opphavsrett)

Tappenstreken

Tappenstreken er det siste toget som går gjennom Eidsgata kvar 17. mai på Nordfjordeid.

Vi har eit heilt spesielt tog på Eid. Kvar 17. mai. Det siste toget. Tappenstreken.

I dag er det rockefestivalen som drar folk til Malakoff og doblar folketalet på Eid.

Før var det militæraktivitet. Den eldste eksersisplassen i landet. Før det igjen låg området på ein storgard. Osnes.

Plassen, som vi no kalla den, har vore i bruk sida 1628.

I starten kom soldatane frå gardane. Etter kvart som behovet for soldatar vart større vart dei rekruttert frå husmannsplassane. Desse soldatane måtte også vere drengar på gardane.

Det var mest militæraktivitet frå 1830-tallet og hundre år fram.

Rekruttskulen med om lag 300 mann vart kalla læreturen. Bataljonsamlinga med 1200-1500 mann vart kalla for storeturen.

Både offiserar, underoffiserar og soldatar tok inn med folk på Eid. I Eidsgata, Tverrgata og på dei næraste gardane.

Soldatane kom frå inste Nordfjord og yste øyane på Sunnmøre. Sidan bygda og ofte slekta sitt rykte sto på spel når dei samlast til eksersis, kom dei godt overeins med folket på Eid.

Øvingane fann stad om sommaren. På gardane vart ein vande med å ha Marsjane som slåttemusikk.

Soldatane vart ofte delt i to avdelingar, ei på Øyane og ei ved elvemunningen på Eidselva. Dei rykte fram mot kvarandre og møttes for nærkamp i Malakoff. Namnet Malakoff har truleg sitt opphav frå eit slag under Krimkrigen.

For eidarane og soldatane var Jonsok den store dagen. Då kom konene, kjærestane, systrene og nabojentene til Eid. Og det vart litt av eit liv borti Øyane der dei samlast for leik og moro.

Denne kvelden vart Tappenstreken ein rein formalitet som berre obersten brydde seg med.

Frå 1930 minka aktiviteten på Plassen og i 1967 var den avvikla. I dag er området brukt både til turområde, aktivitetar og større arrangement. Malakoff. Elskhug og eksis.

I dag er Tappenstreken det siste toget som går gjennom Eidsgata på 17. mai. Det tradisjonsrike signalet på at det er på tide å gå heim og slå seg til ro. Men kven gjer vel det på 17. mai…


Dei som vil sjå Tappenstreken, kan gå på www.youtube.com og sjå Nils Ola Strand sin film "Eid Musikklag 100 år - Tappenstrek 2013"

Share to