Til all tid spurde menneskje:
«Kva er eg?»
- Men ein dag, då du kjende deg einsam
som du var det einaste menneskje på jord
og du stod som ei stille
millom evighet og evighet,
høyrde du ikkje då endeleg
noko røre seg i romet, koma imot deg –
og skjota seg inn i ditt hjarta
som pilir av ljos?
Og til øyra koma ord:
«Kva du er?
Du er staken
som held det brennande ljos
og lyfter di ære i arman.
Når ditt ljos er fortørt
Lat då staken brenne,
Lat staken brenne ned,
- at ditt liv kan forkynnast.
Det er i deg det skjer,
- for gjennom tanken din skapest verdi!»
"Vers ved vannvegen" er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen.