38. Skinnvengjebrev

"Vers ved vannvegen" presenterer Aslaug Vaa sitt dikt "Skinnvengjebrev".

Eg trudde eingong du hadde gøymt deg, 
at både du og Gud ha gløymt meg,
og eg blei minst av dei skapte ting.
Millom veggane var det audt,
uti hagane var det daudt,
graset sovna på eng og tuftir,
vatnet urgja i myr og greftir.
Og ikkje sjuga det gjenom skogan,
og ikkje flaksa det ivi mogan,
det var kje stillt og det var kje liv,
det var eit helvet å vera til.

 

Då kom det bodet at du meg venta,
du vilde nå meg og til deg henta,
du vilde sjå meg, du vilde ha meg,
du vilde få meg, du vilde ta meg.
Då gjekk ein vår ivi blakke mogar,
då gjekk ein storm ivi daude skogar -
og eg stod midt upp i sus og song,
ja stod som bjørki i sevjegong -
so varm og linn du som våren er!
so sælt å venta på ein so kjær!
- det var so stillt og det brusa liv.
Det var ein himil å vera til!

 

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen. 

Share to