40. Der var ein stad

"Vers ved vannvegen" presenterer Aslaug Vaa sitt dikt "Der var ein stad".

Og det var ein stad

nuten siglar under furutoppen
og den brune timra på Haukom
med to glas nede og to glas uppe
gloande ned - ned på skulevegen min.
Vegen med sandhaugar og grustak og vegvaktaren
midt på og plukkar stein - vegen før farten -
Og fjorden med den lange brui den som flaut på flotar
og som hesten rusa over med øyro stive og rova i veiret
den brui som seinare lærde meg å forstå kinesiske dikt
der eg mintest sleden vippande over skvalpande vatn
med hesten tøymndest av fars hendar -

Og det var ei øy med ein kvass nut
som kasta skuggar ned på stogo
til han som tala med tussan
for det var bare dei som ville bie med honom
på so eismo ei øy -

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen. 

Share to