Photo: Andreas Heuch / Kunst i offentlige rom

Nord universitet, Nesna

Møtet mellom natur og kultur er eit sentralt tema for kunsten ved Nord universitet på Nesna.

Tettstaden Nesna ligg på Helgelandskysten og har hatt tilbod om høgare utdanning sidan 1918, då Nesna lærarhøgskole vart etablert. I 2016 blei den tidlegare Høgskolen i Nesna slått saman med Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag til Nord universitet. Pedagogikk og undervisingsfag dominerer framleis undervisingstilbodet. Lokala og uteområda blir ikkje berre brukt til undervising, men òg av lokalmiljøet til kulturarrangement, møte og liknande.

Kantinen har fått ein serie på fire fotografi av Vegar Moen med tittelen "Vår utsikt/Our View 1-4". To av fotografia er av det nordnorske kystlandskapet og vart tatt frå helikopter i 2005 den natta i året som alltid er den lysaste: 24. juni. Naturfotografia heng side om side med to fotografi frå storbymiljø i India, tatt i 2003. Den store kontrasten skaper rom for refleksjon om både natur, kultur og politikk.

Tiril Schrøders vegginstallasjon "Ghost" strekkjer seg over fleire veggar i vrimlearealet i glasgarden. Bileta er laga gjennom kombinasjonar av datagrafikk og akryl på lerret og er kopla saman av ein veggdekor i gul, beige og grå akrylmåling som kan likne på lav. Det gir bileta ei kjensle av utvikling eller historie, men innhaldet vil variere alt etter kva assosiasjonar tilskodaren får. Kunstnaren er fascinert av overlappinga mellom natur og kultur, spesielt når desse møtest og truar med å øydelegge kvarandre.

Parkanlegget framfor hovudbygget har Andreas Heuch forma dels av kuperte grasbakkar med store, flate steinar som fungerer som benkar, dels av felt med grus og stein. Det er også planta furu, raudbjørk, pil og rosebusk.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to