Photo: Isaksen, Trond A. / Kunst i offentlige rom

R6, regjeringsbygg

R6 omfattar to restaurerte bygg og eitt nybygg, teikna av BA Arkitekter, og husar Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Medan kunsten i regjeringskvartalet tidlegare har fungert som ei framsyning av det norske demokratiet og norsk kultur, har kunstutvalet for R6 heller orientert seg internasjonalt og sett etter kunstnarar som kan gripe fatt i den symbollada konteksten på nye måtar. Vanessa Baird frå Noreg, Kajsa Dahlberg frå Sverige og Do Ho Suh frå Sør-Korea har laga til saman fem verk, som trass i dei ulike uttrykka sine reiser universelle spørsmål om mellom anna makt, historie og demokrati.

Do Ho Suh vann i 2009 den internasjonale konkurransen om beste utandørsprosjekt med verket Grass Roots Square. Det er plassert under og mellom hellene på den opne plassen ut mot Munchs gate, og inkluderer eit tre som kastar skugge over plassen på varme sommardagar. Det som på avstand kan sjå ut som felt av gras mellom hellene, viser seg å vere fleire titusen små, grønpatinerte bronsefigurar. Skulpturane, som er 7–15 centimeter høge, finst i fire hundre ulike variantar. På nært hald trer den store detaljrikdommen fram. Figurane har ulik alder, etnisitet og kjønn, og gjev inntrykk av individualitet samstundes som dei er ein del av ei sterk og samanbunden masse. I motsetnad til klassiske, monumentale skulpturar er verket halde nær bakken, og kunstnaren seier sjølv om Grass Roots Square at det er «i same høgda som plassen og offentlegheita. Det er dette nivået, grasrotnivået, ein bør sjå samfunnet frå». Det horisontale kunstverket blir forbunde med fasadane ved raudeika som reiser seg mellom figurane og bygget.

Kajsa Dahlberg sitt tekstbaserte arbeid til foajeen i R6, Hundre år på en arbeidsdag, tar utgangspunkt i stemmerettsjubileet i 2013 og består av tekstar henta frå historia til den norske kvinnerørsla frå 1913 til 2013. Verket går i ein loop på 7,5 timar. I starten av arbeidsdagen kan dei tilsette gå forbi teksten «Vi vil ha menneskelønn, ikke kvinnelønn», og når dei ruslar heim for dagen, er det kanskje teksten «Gjør det sjøl» eller «Jeg er også norsk» som lyser mot dei frå betongveggen i inngangspartiet. Verket gjer oss oppmerksame på alle kampane og sigrane som ligg bak dei rettane vi i dag kan ta som ei sjølvfølgje, men er òg ein demonstrasjon av det slitet ein kvar forkjempar for borgarrettar står overfor.

Vanessa Baird vart i 2010 engasjert til å lage tre store veggmåleri til presserommet og statsrådssalar i Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Som dei tidlegare arbeida til Baird er måleriet Lyset forsvinner – bare vi lukker øynene i presserommet burlesk, humoristisk og ikkje reint ufarleg. Her er referansar til norsk arkitektur og landskap, til dyr og fuglar, og til kjende fablar og folkeeventyr, som trollkjerringa frå ”Gjete kongens harer”. I Baird sin versjon har ho stått så lenge med nasen i stubben at berre beinrestane er igjen.

Bildet snur om på ikonar vi kjenner godt frå før, samstundes som kunstnaren er opptatt av å fortelje om enkeltskjebnar: forlatne hytter, soverom med tomme senger og slitne mødrer. Dei ulike motiva er bundne saman av fargevala og av dei flygande papira spreidd ut over bildeflata. Tankane kan lett gå til det omstendelege byråkratiet: sakspapira som avgjer skjebnen til folk, lover og vedtak som får store konsekvenser for enkeltmennesket.

Måleria til Baird vekte sterke reaksjonar hos tilsette i departementa, og Helse- og omsorgsdepartementet takka nei til det tredje måleriet. Årsaka var at dei flagrande sakspapira gav assosiasjonar til 22. juli, sjølv om Baird har poengtert at dette ikkje er eit tema i verket. Det tredje måleriet, To Everything There is a Season, har nå fått ei sentral plassering i resepsjonsområdet til Kulturrådet. Dei to andre måleria, Lyset forsvinner og Lenge gikk jeg tidlig til sengs, blir verande i R6, i presserommet og statsrådssalen i Landbruks- og matdepartementet. KORO håpar på sikt å kunne samle dei tre måleria i eitt bygg.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to