Photo: Lenes, Kjetil / Kunst i offentlige rom

Rikshospitalet

Rikshospitalet ligg omgjeve av grøn natur, nært bymarka og Sognsvann i Oslo. Ein humanistisk grunntanke ligg bak både arkitekturen og kunsten i det store bygningskomplekset. Medplan AS Arkitekter laga bygget etter mønster av ein småby, med hovudgate, sidegater, torg og møteplassar, og la vekt på fysiske rammer som skulle gje brukarane av sjukehuset tillit og omsorg.

I samband med bygginga vart det sett av middel til kunstprosjekt i to rundar. I 1993 gav KORO den fyrste bevillinga til kunst, og tre kunstnarar fekk oppdraget med å lage verk til særskilte område. Odd Tandberg står bak eit fire etasjar høgt glasmåleri på den sørvende fasaden i vestibylen. Det fargesterke glasmåleriet er eit av dei mest framståande prosjekta hans og er laga i fellesskap med Elen Grøn-Hansen. Istvan Lisztes har utført ein bronseskulptur til innkøyringa til sjukehuset, og Kjell Mardon Gunvaldsen står bak tekstilarbeidet Balanse i vestibylen. Skulpturen som heng ned frå taket fire etasjar over bakken, består av eit hengande transparent trådteppe og fleire mindre vassrette felt. Verket er eit blikkfang i svart og kvitt og primærfargane blått, raudt og gult.

I 1996 auka Kulturdepartementet kunstbudsjettet med tolv millionar, og kunstprosjektet vart fullbyrda. Til saman 37 kunstnarar har utført verk til sjukehuset, og i tillegg er arbeid av 55 kunstnarar kjøpt inn. I kapellet på Rikshospitalet kan ein finne Terje Roalkvam sitt veggintegrerte verk. Glasplater i primærfargar er felt inn i den lyse mursteinsstrukturen, komponert i eit abstrakt mønster. Lyset blir reflektert gjennom det farga glaset på skiftande måtar, avhengig av tida på døgnet og året.

Nord i den lange glasgata som strekkjer seg frå hovudinngangen og til tre poliklinikkar, står Bård Breiviks over fem tonn tunge og tolv meter høge granittobelisk "Draum". Ei overdimensjonert gullmaske kviler på toppen, modellert etter kunstnaren sitt ansikt. Skulpturen har ei klar tilknyting til rommet den står i, og kan sjåast frå fleire etasjar, frå vindauga og bruovergangane i korridoren.

Rolf Starup har laga tre metallskulpturar, "Riket I, II og III". På avstand verkar skulpturane ganske stramme og tydelege, på nært hald kjem enkeltobjekta til syne: utrangert utstyr som kvar ber med seg si historie og kan oppfattast som både ubehagelege og humoristiske.

I barneavdelinga har mellom anna Lars Elling og Fam Ekman skapt ei humoristisk og venleg ramme rundt ete- og opphaldsromma. Ellings "Alltid lunsj i jungelen" viser tre apekattar som svingar seg. Kroppane er laga av fuskepels, hovuda av gamle Tandberg-radioar.

Avskjerma uterom, vårhagar og gardsrom har òg fått kunst. Inge van der Drift har laga verket "Et sted å være" i området mot Gaustad, ein skulptur av 1700 piletre i ein spiralformasjon. Ei særeiga satsing på sjukehuset er "Artoteket", ei ordning der pasientane kan velje seg bilete til rommet sitt frå ei samling utanfor biblioteket.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Share to