Photo: Landfald, Per Martin / Kunst i offentlige rom

Den norske ambassadørboligen i Sofia

Verket "Bleike flagg. Raudnande flagg" av Mari Slaattelid innbyr til refleksjon rundt nasjonalitet.situasjonen en ambassadebolig nødvendigvis er.

Den nye ambassadørbustaden til Noregs ambassade i Sofia, Bulgaria, stod ferdig i 2008. Kunstprosjektet til nybygget resulterte i innkjøp av Mari Slaattelids (NO) verk "Bleike flagg. Raudnande flagg" (2002). Verket heng i hallen og består av seks «flagg» måla med oljemåling på pleksiglas.

Sidan det eine flagget liknar eit utsnitt av det norske flagget, kan ein sjå dei fem andre som bleikare variantar av dette. I eit hus som er bygd for å representere vår nasjon i møte med andre nasjonar, innbyr Slaattelids verk til refleksjon rundt nasjonal identitet og kva eit flagg eigentleg er.

Tittelen "Bleike flagg. Raudnande flagg" gir assosiasjonar til det å bleikne eller raudne på grunn av eigne kjensler. Kan ein tenkje seg situasjonar der ein som borgar bleiknar eller raudnar på grunn av noko nasjonen ein tilhøyrer har gjort, eller har blitt utsett for? At ein vert redd, sint eller stolt? Ein kan også tenkje seg at ein heil nasjon blir sett i ein bestemt emosjonell tilstand. Å vere bleik eller raud kan dessutan vere biletlege uttrykk for å vere anonym eller tvert om svært synleg – til dømes i verdssamfunnet.

Mari Slaattelid (f. 1960) arbeider mest med måleri og omarbeidde fotografi i ei kontinuerleg undersøking av biletet som medium. Ho er utdanna ved Bergens Kunsthåndverksskole, Kunstakademie Düsseldorf, Vestlandets kunstakademi og Statens kunstakademi. Arbeida hennar er kjøpt inn av ei rekkje galleri, mellom andre Astrup Fearnley Museet og Museet for samtidskunst. Ho vann Carnegie Art Award i 2000.

Ambassaden i Sofia vart nedlagt i 2016. Kunstverket vart då flytta til bustaden til den norske FN-ambassadøren i Genève.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to