Photo: Rasmussen, Ann Karene / Kunst i offentlige rom

Høgskulen i Volda, Synnøve Riste-huset

I eit nytt tilbygg ved Høgskulen i Volda kastar kunstverka lys over korleis ord og bilete kan tolkast ulikt, avhengig av ståstad og situasjon.

I 2010 blei det bygd eit tilbygg til Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Denne delen av høgskulen husar primært humanistiske fag for lærarutdanning. Det nye tilbygget, som har fått namnet Synnøve Riste-huset, er først og fremst eit administrasjonsbygg med kontor og grupperom for dei tilsette. Verk frå to kunstnarar er kjøpt inn.

«DEI SAMANHENGANE SOM VEKS FRAM NÅR MEDVITET FÅR INFILTRERE MELLOMROMMA» står det i store bokstavar på gangbrua mellom Berte Kanutte-huset og det nye Synnøve Riste-huset. Utanfor ein kontordør står det: «EIN KVISKRAR LØYNDOMAR FRÅ DEI UTSETTE POSTANE». Orda kjem frå kunstnaren Aud Marit Skarrebo Holmen, som jobbar med tekstinstallasjonar basert på eigne tekstar, aforismar og dikt. Ho er særleg interessert i korleis ord og uttrykk er påverka av kontekst og utforming. Tekstane hennar er gjerne haltande, paradoksale og tvitydige, slik at dei kan tolkast på fleire måtar. På den tredje tekstinstallasjonen hennar, som er å finne i fellesområdet, står det: «TYDINGANE SPRIKJER I ALLE RETNINGAR».

Kjersti Sundland er den andre kunstnaren som har bidrege til tilbygget. Også hennar kunstverk tar tak i kor flyktige og ustadige tolkingar kan vere. Dei digitale teikningane hennar, som er plassert i fellesområdet, er basert på motiv frå nettet. Sundland har skrella dei ned, viska dei ut og omarbeidd dei slik at berre spor frå den opphavelege teikninga står att. I samtalar ho har hatt med dei tilsette i ettertid, har det likevel komme fram at teikningane blir sett inn i svært konkrete, dagsaktuelle rammer: Fotografiet "Blind spot", som viser ein skikkelse med ein papirpose på hovudet, går blant dei tilsette under namnet "Abu Ghraib-fangen". Likeeins har fotografiet "Stills", som viser ryggen til ein mann med vest og belte, fått tilnamnet "Sjølvmordsbombaren".

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to