Photo: Kunst i offentlige rom

Steinkjer tinghus

Fire installasjonar av Børre Sæthre, bygd med reflekterande plater og fliser, gir ro og kontemplasjon i eit kjensleladd rom.

Eit tinghus er eit offentleg rom som er lada med sterke motsettingar. Menneska som kjem hit er ofte i ein pressa situasjon. Nokre ventar på ei dom, andre på ei oppklaring, ei avslutning eller rettferd, atter andre på ei avgjerd som vil kunne påverke framtida og livet deira.

Dei fire skulpturene i Steinkjer tinghus tar tak i denne konteksten på ein stillferdig måte. Norske Børre Sæthre (f. 1967) er ein av dei mest profilerte kunstnarane våre, og er særleg kjend for dei omstendelege, karakteristiske installasjonane sine. I verka hans møter ein ofte den same stiliserte estetikken som ein finn i designmøblar. Tema som lyst, konsum og begjær blir sett i kontakt med det underfundige.

Slik er det også med spegelskulpturen "Rethinking E. Gray (after «Screen», 1922)", som er ei vidareutvikling av designobjektet Screen av den irske møbeldesignaren og arkitekten Eileen Gray. Skulpturen er sett saman av 32 kvadratiske, reflekterande plater i duse neonfargar som er stabla oppå kvarandre. Med sine to meter fungerer verket som ein skilje mellom vestibylen og rettssalane i tinghuset. Dei ventande møter vekselvis sitt eige spegelbilete og rettssalane bakanfor i dei mange flatene. Den dømmande oppgåva til rettsstellet er heile tida synleg, og veggen kan sjåast som eit bilete på forholdet mellom dømd og frikjend.

"Landscape" er ein serie på tre verk som er installert i kvar sin rettssal på tinghuset. Sæthre vidarefører her formspråket i "Rethinking E. Gray". Verket heng på veggen og består av reflekterande fliser. Fargepaletten, ein dus fargeskala i blått og gult, er henta frå fargane i bygget. Eit gjennomgåande innslag i serien er ei enkel raud flate som fungerer som ein parallell til den raude bakgrunnen i riksvåpenet som står sentralt i alle rettssalar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to